DET ER IKKJE OVER ENNO - INFORMASJON TIL DEI SOM BRUKAR TRENINGSSTUDIOET
Forfatter: Bjarte Gangeskar
26. januar 2022
Smitten aukar og vi minner om at smittevernreglane framleis må følgjast.
Husk at du berre kan trene på treningsstudioet vårt etter påmelding og at det maks kan vere 6 stk pr. økt. Du skal halde avstand og sørge for tilstrekkeleg reinhald av utstyret. Og ikkje minst du skal ikkje trene dersom du har symptom.
Dersom du vert smitta er du sjølv er ansvarleg for smittesporing. Dette betyr at du må varsle dei som har vore nærkontakter. Vert du stadfesta smitta kort tid etter at du har vore på treningsstudioet vårt - er det fint om du og gjev beskjed til oss slik at vi kan bidra til å varsle dei som har vore på same økta. Ta i tilfelle kontakt med Vegar på tlf. 93009383 eller Bjarte på tlf. 90581490.