[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

VOLLEYBALLGRUPPA

Forfatter: Bjarte Gangeskar

02. april 2023

Forside
News article image

I tida framover kjem vi til å presentere dei ulike gruppestyra i Breimsbygda idrettslag. Leiarane i dei ulike gruppene vert i samband med det gjeve litt ekstra merksemd. Det er i gruppene den viktige aktiviteten skjer og leiarane tek oftast eit tak langt utover det ein vanlegvis tenkjer ligg til ein styreleiar. Vi finn dei ofte og på trening eller involvert i ulike dugnadsprosjekt.

Jørgen Veien er 35 år og busett i Hetlebakkane på Reed. Han har tre born i alderen 4, 5 og 8 år og har difor ikkje fritidsproblem. Til dagleg er han sjefen over alle sjefar i Re-Bygg AS. I tillegg til å vere leiar i Volleyballgruppa har Jørgen og vore initiativtakar og «primus motor» for frisbeegolfbana på Reed Stadion.

Jørgen sin motivasjon for å engasjere seg i Breimsbygda idrettslag er å vere med å gje born og vaksne eit variert treningstilbod, der alle har skal ha høve til å finne sin aktivitet.

Her ser du deI gode karane Jørgen har med seg i styret i Volleyballgruppa:

Namn

På val

Leiar

Jørgen Veien

2024

Styremedlem

Vegar Sårheim

2024

Styremedlem

Sindre Willumsen

2025