REDUSERT OPNINGSTID PÅ IDRETTSKLUBBEN
Forfatter: Bjarte Gangeskar
28. september 2024
Idrettsklubb tre fredagar i månaden
Arbeidsutvalget i BBIL har bestemt at idrettsklubben, populært kalla IDK, vil vere open tre fredagar i månaden i tida framover. Tidlegare har klubben vore open kvar fredag frå etter haustferien og fram til påske. Altså blir det noko redusert opningstid denne sesongen.
Det er fleire grunnar til denne avgjerda. Først og fremst handlar det om at vi treng større vaksentettleik på IDK. Dette er vanskeleg å få til utan at vi aukar tal vakter for foreldra monaleg eller reduserer tal opningsdagar. Reduserte barnetal og «dugnadsslitasje» gjer at vi erfarer at dette vil bli krevjande, sjølv i dugnadsbygda Breim.
Vi har og behov for å fordele leiaransvaret på to personar på kvar IDK-kveld. For at ikkje vaktbelastinga då skal bli for stor, har vi gjort siste fredagen i månaden IDK-fri.
Til sist har vi ved fleire høve fått innspel frå foreldre om at det kan vere greitt med ein fredag der det ikkje skjer noko i regi av idrettslaget eller andre organisasjonar. Med andre ord, at det kan vere godt med litt familietid utan at dette skjer i konkurranse med IDK. Dette er det sikkert delte meiningar om – uansett har ikkje dette åleine vore avgjerande for arbeidsutvalet si avgjerd.
Lista over opningstider og kven som er vakt på IDK haust/vår 24/25 kjem om ikkje så lenge: