HANS PETTER MYKLEBUST FEKK BREIMSTAFETTMEDALJEN
Forfatter: BG
04. mai 2026
Breimstafettmedaljen 2026
Breimstafettmedaljen for 2026 går til ein tidlegare allsidig friidrettsutøvar og ein trufast lagspelar som gjennom mange år har sett spor etter seg i friidrettsmiljøet i bygda.
Som aktiv utøvar markerte mottakaren seg særleg i øvingar som 400 m hekk, 400 m og 800 m, med sterke personlege rekordar og deltaking i NM-finale på 400 m hekk. Han hevda seg også godt i tekniske øvingar som høgde og lengde, der han mellom anna hadde lagsrekord i høgde i Indre Breim IL. I tillegg var han med på sterke stafettlag for Breimsbygda, mellom anna med kretsrekord på 4 x 800 meter og som vestlandsmeister på 1000 m stafett.
Mottakaren har delteke mange gonger på Breimstafetten, både for Indre Breim og Breimsbygda, og har vore med å vinne stafetten.
Men innsatsen stoppar ikkje på idrettsbana. Han har vore formann i friidrettsgruppa i Breimsbygda, nestleiar i hovudkomiteen under NM i friidrett i 1999, og har i ei årrekkje bidrege som revisor i idrettslaget. I tillegg var han i mange år engasjert i lagsavisa Breimsbygda – ve og berre vel.
Gjennom alle desse åra har årets mottakar også stilt trufast opp på dugnad under små og store arrangement på Byrkjelo stadion. I mange år har han saman med andre vore ein stødig og engasjert speaker under Breimstafetten.
Årets mottakar av Breimstafettmedaljen er kanskje ikkje den som står fremst i rampelyset, men er ein av dei som alltid seier ja når det trengst og er mogleg. Ein slik person er heilt avgjerande for eit levande idrettslag.
Med dette ønskjer vi å takke Hans Petter Myklebust for innsatsen – både som utøvar og i frivillig arbeid – og gratulerer han som ein verdig og velfortent mottakar av Breimstafettmedaljen 2026 med diplom.
Foto: Jostein Aardal