Inkluderingsfond
Kursinnbyding til Krinsdommarkurs
Forfatter: Iselin Myklebust
25. januar 2022
Ski
Sykkel
Volleyball
Orientering
Friidrett
Barneidrett
Trim
Vektløfting
Håndball
Treningssenter
Frisbeegolf
Breimsbygda IL og Sogn og Fjordane Friidrettskrins inviterar til Krinsdommarkurs onsdag 9., 16. og 23.mars kl.18-21 på Byrkjelo skule. For Breimsbygda Friidrett blir det viktig å få fleire nye dommarar ettersom vi skal arrangere Lærøyleikane i september i år.
Kurslærar er Dagfinn Nyhammer og kurset/ kursmateriell er gratis.
Kontaktpersonar
- Dagfinn Nyhammer, tlf: 412 27 968, e-post: [email protected]
- Reidar Moldestad, tlf: 970 44 640, e-post: [email protected]
Påmelding
- Via min idrett: https://minidrett.nif.no/Event#6171084-010 innan 1.mars 2022
E-læring
- Vil du sjå litt på det ein lærer om på kurset; ta gjerne ein tur innom den nettbaserte e-læringa https://ekurs.nif.no/
Meir info om kurset
- Kurset er ope for alle 15 år og eldre og det er ingen krav til forkunnskapar
- Det er eit kurs som går igjennom reglane for friidrett og er eit godt grunnlag også for å lære eigne og andre born korleis friidrett er
- Kurset vert avslutta med ei enkel prøve der ein får bruke kursboka som oppslagsverk
- For meir informasjon les kursplanen
Dommarar som har teke krinsdommarkurs tidlegare må følgje heile kurset som oppdatering for å stå som dommarar framleis, men slepp å avlegge ny prøve.
Deltakarar vil få meir informasjon når det nærmar seg kursstart.
VEL MØTT!