ÅRETS APPELLHALDAR PÅ BREIMSTAFETTEN ER KLAR
Forfatter: Bjarte Gangeskar
12. mars 2022
Arnhild Mallasvik er appellhaldar på Breimstafetten 2022.
Arnhild er mamma til Amalie Os Mallasvik som døde berre 17 år gammal 30.aug i 2017, av akutt leukemi. 17 dagar før ho blei sendt til Haukeland deltok ho på stafettlaget til Førde IL sitt damelag på Breimstafetten. Ho sprang første etappen og leia heile runda, så frisk og glad!
Etter at Amalie døde har familien fokusert på å heidre dotter si gjennom noko av det ho likte best: Fysisk aktivitet. Arnhild har og engasjert seg i kreftforeininga og er no med på å arrangere " stafett for livet" 10-11.09.2022 i Førde.
Bilete er av Amalie frå premieutdeling i 2017.
Vi er glade for at Arnhild har sagt ja til å halde appell på årets Breimstafett. På denne måten kan vi og være med å få heidre Amalie og støtte opp under "stafett for livet"
Meir om stafett for livet finn du her: https://kreftforeningen.no/stafettforlivet/