[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

BREIMSTAFETTMEDALJEN 2022 VART TILDELT BJØRN SÅRHEIM

Forfatter: Bjarte Gangeskar

02. mai 2022

Forside
News article image

Bjørn er ein av dei som alltid er der og alltid stiller opp utan å framheve seg sjølv. Dette har Breimstafettkomiteen merka seg og difor tildelt han Breimstafettmedaljen for 2022. Grunngjevinga er som følgjer:


Bjørn Sårheim er mannen som alltid stiller opp for Breimstafetten og Breimsbygda IL. Verva og oppgåvene han har teke på seg er så mange at vi knappast har oversikta over dei. Truleg har han ikkje det sjølv heller.

For Breimstafetten har han i mange år vore leiar i løypekomiteen. Når Bjørn atter ein gong har stadfesta at han tek denne jobben – så brukar ikkje komiteen meir energi på korleis løypene blir. Vi veit at dei er i dei beste hender.

Er det ein dugnad i bygda har Bjørn alltid vore sjølvskriven. Han har lagt ned ein stor innsats både i fotballgruppa og volleyballgruppa, både som utøvar, trenar og dommar. I volleyball har han vore ein av få dommarar frå fylket som har dømt på relativt høgt nivå. I fleire sesongar trur vi at Bjørn var dommar i alle fotballkampane som vart spelte i bygda. Utan dommar ingen kamp, kunne vore omskrive til: «utan Bjørn ingen kamp».

Også Breimsbygda skisenter har og hatt godt nytte av Bjørn sin dugnadsvilje. Faren var ein av initiativtakarane til anlegget på fjellet og tok sjølvsagt gutungen med seg på dugnad der. Slik sett er Bjørn og eit eksempel og ei viktig påminning om at dugnadsånda går i arv. Ein verdi som vi vaksne må prøve å overføre til ungane våre, om bygda framleis skal vere ein attraktiv stad å busette seg. Sist, men ikkje minst, er årets mottakar av Breimstafettmedaljen rett og slett ein blid og positiv fyr – ein fyr som du rett og slett vert i godt humør av å vere saman med.

Han seier sjølv at han ikkje har noko stor karriere som løpar på Breimstafetten. Denne har han sprunge berre ein gang. Det gjekk vist nok berre sånn passe - og skulda for det fekk eit arrangement i Breimshallen, kvelden før stafetten.Uansett manglande bragder på stafettarenaen, Bjørn er eit føredøme for oss alle når det gjeld å stille opp for born, unge og bygda si - Og han gjer det heilt utan å framheve seg sjølv.

Ein verdig og velfortent mottakar av heidersteiknet Breimstafettmedaljen med diplom: Bjørn Per Sårheim