[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

BYRKJELOLEIKANE STØTTAR STRYN UNITED

Forfatter: Bjarte Gangeskar

15. august 2024

Forside
News article image

Stryn United skal på Landsturnering i fotball i Bodø i september. Breimsbygda IL, NFF-Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Friidrettskrins har bestemt at Byrkjeloleikane vil støtte deira deltaking med kr. 10.000.



Vi ynskjer dei lukke til på turneringa. Vi vonar og at vi ser nokre av deltakarane på Byrkjeloleikane seinare i september.

Stryn United er eit tilrettelagt fotball-tilbod i regi av Stryn Fotball som vart starta opp i 2010. Laget har faste treningar ein gang i veka gjennom heile året – med unntak av ein liten feriepause midt på sommaren. Laget har sidan 2019 delteke på Landsturneringa 3 ganger, og har i år meldt seg på turneringa som går av stabelen i Bodø. Landsturneringa er ein viktig arena både sportsleg og sosialt, og spelarane gleder seg til å møte spelarar frå andre lag både på fotballbana, hotellet og banketten.

Bidraget frå Byrkjeloleikane er eit godt bidrag for å redusere spelarane sin eigenandel.

Les meir om Byrkjeloleikane her: https://www.byrkjeloleikane.no/framside

Les meir om landsturneringa her: www.landsturneringen.no

Les meir om Stryn United her: https://www.spleis.no/project/377943