[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

BREIMSVEKA 2024

Forfatter: Ellen Margrethe Skipenes

15. april 2024

Trim
News article image

I samband med Breimstafetten arrangerer trimgruppa Breimsveka i perioden 18 april -25 april.

Ta turen innom våre trimpostar som er lagt ut på følgande plassar: Tusenårsplassen, Knutevegen, Lonevatnet og skogsveggen i Bø(Råd).

Om du registrerer deg blir du med i trekninga av to gåvekort a kr 1000,- frå Intersport. Du kan registrere deg på så mange postar du vil og så mange turar du rekker i perioden. Jo fleire turar til betre sjanse har du til å vinne premien. Trimgruppa trekker 2 heldige vinnarar 26 april. Premiane vert delt ut på Breimstafetten 28 april.

For å delta i trekninga må ein betale deltakaravgift på kr 50,- pr. person eller kr 100,- for familie. Denne betalast på Vipps til nr 745567. Har du problem med å få scanne QR kode eller ikkje kjem inn på linken på posten for registrering, send ein SMS til 97716633 med namnet ditt så vert du registert.

Trimgruppa ynskjer alle ein god trimtur.