[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

MEIR STØTTE TIL BREKKESTOVA

Forfatter: Bjarte Gangeskar

28. mai 2022

Forside
News article image

Som kjent fekk BBIL tildelt kr. 300.000,- frå Kulturminnefondet til eit prosjekt for å restaurere og sette i stand den historiske Brekkestova på Utvikfjellet. Kostnaden med å sette i stand stova kjem på nærare kr. 660.000,- og det manglar difor framleis litt på at prosjektet er fullfinansiert. Men, det går stadig rette vegen.


Gloppen kommune har no innvilga prosjektet kr. 40.000,- frå ein pott kalla særskilte kulturmidlar. I tillegg har ein fått løyvingar frå Norsk Kulturarv, Sparebankstiftinga og Firda og Sparebankstiftelsen DNB, og har dermed fått inn nærare kr 460 000,- til dette formålet.

Idrettslaget sitt engasjement i denne saka viktig, både fordi prosjektet vil skape aktivitet på Utvikfjellet og soleis bidra til det som er vårt samfunnsmandat, nemleg folkehelse.

I tillegg er Brekkestova i høgste grad idrettshistorie som den oppveksande generasjon bør kjenne til. Idrettslaget har inne fleire søknadar om prosjektmidlar og planlegg fleire finansieringstiltak i nær framtid.

Den politiske handsaminga i Teknisk – miljø og kulturutvalet kan du lese om her: Søknad om kulturmidlar til prosjekt Brekkestova (onacos.no)

Meir om historia til Brekkestova finn du her: Breimsbygda Idrettslag | Facebook