LAILA FEKK ÅRETS STIMULANSPRIS
Forfatter: Bjarte Gangeskar
21. november 2023
Målsetjinga med prisen er å stimulere unge utøvarar til satsing på ein eller fleire idrettar.
Retningsliner for tildeling:
1. Stimulansprisen vert gjeven til unge og lovande utøvarar opp til og med 19 år.
2. I vurderinga skal det leggast vekt på at utøvaren har vist framgang i si idrettsgrein, har viljen til å satse målbevisst, og er seriøs i trening og konkurransesamanheng.
Og grunngjevinga kan du lese her:
Årets vinnar av stimulansprisen er ein utøvar som har i fleire år har jobba målretta og strukturert med god trening. Ho har likevel vore det vi kan kalle ein generalist, som først dei siste åra har spesialisert seg i sin idrett. Ho har gått på idrettslina på Firda VGS, utan spesiell fordjupingsidrett og toppidrettssatsting. Allsidig og god trening over mange år, mellom anna i turn, har komme godt med når ho endeleg bestemte seg for å «gå all in» og velje ein idrett å spesialisere seg i. Ho er faktisk og framleis turninstruktør – sjølv om turn ikkje lenger er hennar hovudidrett.
Årets prisvinnar har etablert seg i norgestoppen og har nyleg og vunne eit internasjonalt meisterskap. Ho vart Nordisk Meister for junior i vektløfting i midten av denne månaden. Og dette berre eit knapt halvår etter at ho var kalla inn til si første samling med juniorlandslaget.
Vi har fått opplyst at det var berre 6 kg. under kravet til EM for junior – altså for å delta Europeisk meisterskap! Og berre så det er sagt, ho er junior også neste år – slik at EM-deltaking er innan rekkevidde.
Prisvinnaren har ikkje berre løftetalent, ho har og bidrege som instruktør både for yngre medstudentar på Firda VGS, og ikkje minst for dei yngre løftarane i Breimsbygda Idrettslag. Ho har eit svært godt lag med denne aldersgruppa. Både naturleg og med sin bakgrunn som turninstruktør. Ho er og valt inn som fyrste vara til styret i vektløftargruppa og skal ta/har tatt trenar- og dommarkurs i vektløfting. Vi har med andre ord ein prisvinnar som er med å tek ansvar for andre enn seg sjølv.
Det vert sagt om prisvinnaren at ho har evner og anlegg til å bli ein norsk landslagsløftar også på seniornivå. Det vil vere eit viktig signal til andre jenter om at det aldri er for seint å bli god. Men viktigast av alt er at representerer seg sjølv og Breimsbygda Idrettslag på ein særs god måte.
Ein verdig vinnar av BBIL sin stimulanspris for 2023 er Laila Therese Bjørnarheim