FOTBALLGRUPPA
Forfatter: Bjarte Gangeskar
27. mars 2023
I tida framover kjem vi til å presentere dei ulike gruppestyra i Breimsbygda idrettslag. Leiarane i dei ulike gruppene vert i samband med det gjeve litt ekstra merksemd. Det er i gruppene den viktige aktiviteten skjer og leiarane tek oftast eit tak langt utover det ein vanlegvis tenkjer ligg til ein styreleiar. Vi finn dei ofte og på trening eller involvert i ulike dugnadsprosjekt.
Den nye leiaren i fotballgruppa er kanskje ikkje kjent for alle i bygda. Han flytta til Byrkjelo for knappe tre år sidan og heiter Espen Eithun Langedal. Den 32 år unge barnehagelæraren jobbar i Breim barnehage, er gift og pappa til ein gut og bonuspappa til to jenter.
Han seier at han ser på idretten som ein fin arena for å bli kjend med nye sambygdingar. Han har erfaring både som spelar, trenar, og med styreverv frå moderklubben Tambarskjelvar.
Eg engasjerer meg i BBIL fordi eg har ein lidenskap for fotball. I mine auger er det verdas vakraste spel. Eg ønskjer at alle engasjerte i fotballen skal oppleve den som eit trygt og miljøskapande samlepunkt i lokalmiljøet i Breim.
Elles nyttar den relativt nyinflytta naustedølen høve til å framsnakke det breie tilbodet av aktivitetar som Breimsbygda IL kan tilby sine medlemmar til ein rimeleg penge gjennom heile året. I tillegg har vi mange flotte, funksjonelle anlegg, det vere seg gymsalar, treningsstudio, utandørs idrettsanlegg både på Byrkjelo og Reed, Utvikfjellet og kanskje andre stader eg ikkje har fått utforska enno. Eg sit med inntrykk av at særgruppene i idrettslaget prøvar å leggje til rette for aktivitet på ein slik måte at barn og unge som ønskjer å drive allsidig får høve til dette.
Eg vil og framsnakke dugnadsånda i bygda, seier han. Eg får energi og kjenner på ein gnist når eg ser smilande born i aktivitet og frivillige med glimt i auget. Avslutningsvis oppmodar Espen oss om ikkje gløyme den uorganiserte og eigeninitierte leiken der barn gløymer tid og stad – sjølv om vi driv organisert aktivitet gjennom idrettslaget, må vi og heie på og legge til rette for den uorganiserte aktiviteten der vaksne ikkje legg premissane.
Vi er glade for alle som flyttar til bygda og er imponert over slike som Espen som raskt melder seg til teneste som frivillig. Måtte fleire følgje hans eksempel.
Her ser du resten av den gode gjengen Espen har med seg i styret i fotballgruppa:
| Namn | På val | |
| Leiar | Espen Langedal | 2024 |
| Nestleiar | Per-Erik Hjelle | 2025 |
| Kasserar | Tone Mindresunde | 2024 |
| Styremedlem | Jannice Egge | 2024 |
| Styremedlem | Raymond Niiranen | 2024 |
| Styremedlem | Richard Støyva | 2024 |
| Styremedlem | Anette Olianne Eide | 2024 |
| Styremedlem | Leif Øystein Felde | 2025 |
| Styremedlem | Ingvild Savigar | 2025 |