Inkluderingsfond
BYRKJELOLEIKANE STØTTER BREIMSHALLEN
Forfatter: Bjarte Gangeskar
15. april 2022
Forside
Byrkjeloleikane har eit oppsamla overskot frå tidlegare års arrangement og har bestemt å bruke deler av dette til å støtte arbeidet med tilrettelegging av ny rullestolrampe ved Breimshallen.
Byrkjeloleikane gjev kr. 10.000 til formålet.
Byrkjeloleikane er ein tilrettelagt aktivitetsdag for deltakarar i alle aldersgrupper, og blir arrangert av Breimsbygda IL, Sogn og Fjordane Friidrettskrins, Sogn og Fjordane Fotballkrins, og Sogndal United. Arrangementet er «non-profit», som det heiter på nynorsk, og ev. overskot skal gå tilbake til målgruppa.