BLI MED PÅ KONGLERIKET MINISTAFETT - BREIMSTAFETTEN
Forfatter: Bjarte Gangeskar
09. mars 2022
La borna få kjenne på det å vere ein del av eit lag. La din skule/klasse melde på lag til Kongleriket ministafett og kjenne på stemninga på Breimstafetten.
Til klassekontaktar 1.- 4. klasse
Hei!
Etter to år med pandemi er det kjekt å kunne invitere til Breimstafett igjen. Plana er at denne skal gå av stabelen 1. mai. 2022 på Reed Stadion. I år, som tidlegare, ynskjer vi at flest mogleg av 1.-4. klassingane deltek på Kongleriket Ministafett.
Vi vonar difor til alle klassekontaktane i aktuelle aldersgruppe kan vurdere å melde på lag frå si klasse.
I tillegg til at dette er stimulering til fysisk aktivitet, vil det og vere ei fin sosial oppleving for borna.
Meir informasjon om Kongleriket minstafett finn du her: https://www.breimstafetten.no/kongleriket-ministafett/