[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

MÅTTE DEI ALDRI FÅ BRUK FOR KUNNSKAPEN OG UTSTYRET

Forfatter: Bjarte Gangeskar

21. september 2022

Forside
News article image

Tysdag denne veka var 16 representantar frå Breimsbygda Idrettslag på førstehjelpskurs, m.a. for å lære om bruk av hjartestartar. Kurset og hjartestartaren var ein del av gåven vi fekk frå Ida Eides Minnefond.

Sjølv om vi vonar at det ikkje skal vere behov for verken livreddande førstehjelp eller hjartestartar, kjennes det trygd og godt ut at vi no har slikt utstyr på våre anlegg. Og ikkje minst kjennes det trygt ut at det er mange som kan bruke utstyret.

Takk til Ida Eides Minnefond og takk til alle som stilte på kurs.

https://idaeidesminnefond.no/