BREIMSTAFETTMEDALJEN 2023 ER TILDELT REIDAR MOLDESTAD
Forfatter: Bjarte Gangeskar
07. mai 2023
Friidretten sto sterkt i bygda på 1960- og 1970 talet då Reidar Moldestad vaks opp. På den tida var det to idrettslag i bygda, Breim Idrettslag og Indre Breim Idrettslag. Reidar seier sjølv at friidretten fanga han tidleg. Med korte, men ganske raske føter, var det ikkje tilfeldig at sprint vart idretten for han. Og rask det var han, personleg rekord på 100 m er 11.4, sprunge på raudstubb på Sandane.
Årets vinnar av Breimstafettmedaljen har sjølvsagt delteke i Breimstafetten mange gonger. Han har her representert både Indre Breim Idrettslag og Gloppen Friidrettslag. I den aktive perioden har han og delteke på andre store stafettar i Naustdal, Veten, Olden, Hornindal, Jølster og Holmenkollen.
Reidar har og prøvd seg som orienteringsløpar, men seier sjølv at denne karrieren var kort. Han har og, i godt vaksen alder, halde forma ved m.a. å sykle «Birken» 6 gonger og Bergen/Voss to gonger.
Både medan han var aktiv og etter at han ga seg som utøvar på midten av 1980-talet, har Reidar hatt ei mengde ulike oppgåver knytt til idretten. CVen er så lang og femner over så mange grupper og oppgåver at det ikkje er mogleg å få med alt her. Mellom anna var han styremedlem både i friidrettsgruppa og hovudlaget i IBIL på 70-talet. Han var og med og skipa Breimsbygda Friidrettslag og var sjølvsagt den fyrste leiaren der i 1982-83. Reidar er i dag leiar i friidrettsgruppa – eit verv han har hatt sidan 2014. Ein konsekvens av det er at han i same periode også set i hovudstyret i BBIL. Innimellom og delvis parallelt med alt dette har han vore spinninginstruktør, nestleiar i sykkelgruppa og medlem i Idrettsrådet. Som om ikkje det var nok, har han vore med i det som er av hovudkomitear til dei store arrangementa på Byrkjelo Stadion.
Reidar skildrar Byrkjelo Stadion som si «leikegrind». Her har han vore med på dugnader sidan 1970-talet. Han har i ein periode vore anleggsleiar både på Byrkjelo og dei andre anlegga til BBIL – og har sjølvsagt og vore funksjonær på dei fleste stemner, uansett storleik.
Ein skulle tru at Reidar hadde nok med dei meir administrative oppgåvene, men slik er det slett ikkje. Du finn han også i dag ofte i gymsalen på Byrkjelo der han tek ansvar for sirkeltreninga. Er han ikkje å sjå der kan du sjekke om han er på indre bane for å trene friidrett med dei unge i BBIL eller dei litt eldre i GFIL eller ei treningsgruppe frå andre lag i området.
I tillegg til alt som er nemnt over, så har Reidar og lagt ned ein innsats både i fotballgruppa og vektløftargruppa gjennom fleire år.
Reidar har tidlegare fått BBIL sin Eldsjelpris, Friidrettens Venner sin ærespris for Sogn og Fjordane og
Friidrettsforbundet sin diplom for administrativt arbeid. Det er likevel plass til enno eit heidersteikn i heimen på Moldestad.
Ein verdig og velfortent mottakar av heidersteiknet Breimstafettmedaljen med diplom: Reidar Moldestad
Foto: Runar Sandnes