[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

VI SENDER SNART UT KRAV PÅ MEDLEMS- OG TRENINGSAVGIFT

Forfatter: Bjarte Gangeskar

22. juni 2024

Forside
News article image

Den kjem på e-post, eller for nokre få, i postkassa og gjeld medlems- og treningsavgift for 2024.

BBIL har i utgangspunktet låge avgifter samanlikna med andre lag. Dette skal vi framleis ha, noko som blir enno viktigare no når alt anna av utgifter aukar. Dersom det er nokon som ikkje har økonomi til å betale medlems- og treningsavgift har vi etablert ei ordning der ein kan søkje om fritak for dette. Det er viktig at sender søknad om dette i staden for å berre la vere å betale. Då vil du og sleppe å få purringar på ubetalt krav. Meir informasjon om ordninga finn du her: https://www.breimsbygda.no/contentcategory/948566841

Vi har framleis store oppgåver framfor oss. M.a. når det gjeld vedlikehald og utbetringar på anlegg. Det er difor viktig for oss å oppretthalde inntektene, samstundes som vi ikkje påfører medlemmane våre meir kostnader. Trenings- og medlemsavgifter er ein viktig del av desse inntektene.

Vi vonar at folk og hugsar på at BBIL bidreg med meir enn den organiserte idrettsaktiviteten. Idrettsklubben, 123 treningsstudio, spinning, frisbeegolfbane, eigarskap i Breimsbygda skisenter og opparbeiding av turløyper er døme på slike bidrag.

Meir om dette kan du sjå her: https://www.facebook.com/Breimsbygda/videos/864344930851908

Breimsbygda Idrettslag ynskjer å være meir for bygda enn berre eit vanleg idrettslag. Dette er ikkje mogleg å få til utan ei stor medlemsmasse «i ryggen».

Faktura vert sendt ut på e-post i dagane framover. Så om du går og ventar på faktura så vent litt med å etterspør den.

Er du ikkje registrert som medlem kan du ordne dette her: http://www.breimsbygda.no/bli-medlem-i-bbil/