UORGANISERTE INNETRENINGAR I GYMSALEN PÅ REED
Forfatter: Bjarte Gangeskar
14. desember 2022
Breimsbygda idrettslag får ein del førespurnader frå ungdomar som er heime i feriar om å bruke gymsalen på Reed til uorganisert trening. Det er Gloppen kommune som er eigar av gymsalen og Idrettslaget disponerer ikkje lenger denne fritt. Vi må difor ha kontroll på kven som brukar den til ei kvar tid. M.a. fakturerer kommunen for all bruk når det er personar over 18 år som nyttar salen. Idrettslag vil sjølvsagt og vere ansvarleg for at salen er rydda og for ev. skader.
Likevel ynskjer vi å bidra til at medlemmar i idrettslaget som er ute i den store verda og studerer, skal få høve til å trene og kjenne seg velkomne i heimbygda. For å få dette til prøver vi ut ei ordning der ein kan registrere seg og hente nøkkelkort enten hjå Bjarte ( tlf. 90581490) eller Janikke (tlf. 95133363 ).
Det kan vere lurt å ta kontakt i god tid før planlagt økt. Kort blir berre lånt ut til avtalte treningsøkter og skal leverast attende straks økta er slutt. For å få ut nøkkelkort må du vere over 18 år og medlem i idrettslaget. Det er ikkje lov å nytte andre sine nøkkelkort for å bruke gymsalen til uorganisert aktivitet.
Idrettslaget vil sørge for at det ligg ballar og vestar i gymsalen, ev. kan ein ta med slikt utstyr sjølv. Nøkkelkorta som skal brukast gjev ikkje tilgang til fotballgruppa sitt utstyrsrom.
Det blir ikkje laga tilsvarande ordning for gymsalen på Byrkjelo.