[email protected]


Logo
Bli medlem
Styre og AU

BREIMSBYGDAS VENNER

Forfatter: Bjarte Gangeskar

15. april 2023

Forside
News article image

Breimsbygda har mykje anlegg som treng kontinuerleg stell og vedlikehald. For å få dette til å gå rundt ynskjer vi «blåse liv» i det som tidlegare vart kalla Breimsbygdas venner.

Tanken er å samle ein del ressurspersonar, gjerne pensjonistar, som kan bidra med litt enklare vedlikehald og stell på anlegga våre. Det er alltid litt maling, klipping og snekring som skulle vore gjort både her og der.

Vi tenkjer at dette langt på veg skal vere ei gruppe som kan styre seg sjølv – etter innspel frå laget sin anleggs- og vedlikehaldskomite. Kanskje kan vi få laga det litt sosialt i samband med arbeidsøktene - med kaffi, noko og bite i og ikkje minst mange gode historier. Ein forpliktar seg heller ikkje til noko anna enn å tole at vi av og til kjem til å spørje om det passar "å ta ei økt".

Kan du tenkje deg å vere med i ei slik gruppe, er det fint om du tek kontakt med Bjarte på tlf. 9058140 ev.t på e-post: [email protected]

Kjenner du nokon som kunne vore med i ei slik gruppe så kan du jo tipse dei, ev. tipse oss, så spør vi dei sjølve.

DEL GJERNE!