BLIR ALT BRA?
Forfatter: Bjarte Gangeskar
28. januar 2022
Vi har alle delteke i det mange kallar «dugnaden» mot pandemien og ser kanskje no enden på denne. Kanskje har vi og ei stor von om at no blir alt som før.
Men blir alt som før? Blir alt bra igjen? Eg er ikkje heilt overtydd. Eg trur at vi slepp inngripande tiltak i framtida. Eg trur vi får igjen fridomen til stort sett å gjere som vi vil. Eg trur at det snart kjem tider der vi alle slepp å gå rundt med høge skuldrar i frykt for å bli smitta. Eg trur til og med at vi igjen kan gje kvarandre ein klem.
Men, ein ting fryktar eg. Eg fryktar for at dugnadsånda er svekka etter nesten to år der mykje har vore stengt ned og avlyst. Det vil i tilfelle og vere eit trugsmål mot folkehelsa.
Kva er dette slags dommedagsprofetiar tenkjer du sikkert no. Men, faktum er at pandemien og har endra vanane til folk. Mange har i denne perioden kjent på at «medaljen har to sider» og at det har vore godt å senke tempoet litt. Å rett og slett berre vere heime og ha mindre plikter har vore godt for mange – Sikkert og ei velfortent pause frå stresset som kvardagen ofte er.
Mange melder om at det no er vanskelegare å få folk til å engasjere seg i det som skjer rundt ein. Truleg er dette uønskt effekt av pandemitiltaka. Kvart einaste lokalsamfunn er heilt avhengig at folk stiller opp for laget sitt, for bygda og for kvarandre. Vi er heilt avhengig av møteplassar og arrangement for å skape bulyst og helsebringande relasjonar mellom folk.
Også i dugnadsbygda Breim merkar vi at dette arbeidet går litt tråare no. Og når det merkast i Breim, då er det på tide å rope eit lite og forsiktig varsku.
Countryfestivalen, Treningsstudioet Lerøyleikane, Idrettsklubben, Fjordhestgarden, Fjellstova, Storbiltreffet, Breimstafetten, Breimsbygda Idrettslag, Reodorklubben, Pederhuset, Breimshallen, Breimsbygda Skisenter, Byrkjelo stadion osv.... er heilt avhengig av at dugnadsånda ikkje forvitrar i kjølvatnet av pandemien.
Forsvinn dugnadsånda øydelegg vi og merkevara Breimsbygda – Det skal ikkje skje. Er du samd?