[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

STIMULANSPRIS TIL AKSEL NEDREBERG BERGESEN

Forfatter: Vegar Sårheim

21. november 2022

Forside
News article image

Tradisjon tru vart det også i år delt ut prisar på idrettsbasaren. Aksel fekk ein velfortjent stimulanspris. Meir om dei andre prisane og basaren kjem etterkvart.
Her kan du lese meir om den grunngjevinga for tildelinga..

Stimulansepris i Breimsbygda idrettslag 2022.

Målsetjinga med prisen er å stimulere unge utøvarar til satsing på ein eller fleire idrettar.

Retningsliner for tildeling:

1. Stimulansprisen vert gjeven til unge og lovande utøvarar opp til og med 19 år.

2. I vurderinga skal det leggast vekt på at utøvaren har vist framgang i si idrettsgrein, har viljen til å satse målbevisst, og er seriøs i trening og konkurransesamanheng.

3. Stimulanseprisen skal annonserast på BBIL si heimeside, og alle medlemmar i idrettslaget kan kome med forslag. Med kvart forslag må det fylgje ei kort grunngjeving for kandidaturet.

4. Stimulanseprisen skal vere ein pengesum/gåvekort på 5.000 kroner og eit diplom, og kan delast ut årleg.

5. Tildeling av Stimulanseprisen vert gjort av AU i BBIL.

Aksel har utmerka seg innan fleire idrettar. Både fotball og friidrett er hans idrettar. I fotball har han vore ein sentral spelar på G13 laget, som har gjordt det svært bra denne sesongen.

I friidretten har han utmerka seg, ved å ha ein utruleg treningsiver. Han deltek på dei aller fleste treningar, og det skal svært gode grunnar til at han skoftar ei trening.

Han er ein positiv og stillfaren gut, som det har vore utruleg kjekt å jobbe i lag med. Han er heller ikkje redd for å ta utfordrigar, ved å prøve nye øvingar.

I friidrett, fekk han sitt gjennombrot denne sesongen. Han har vore svært aktiv på treningsbana, men delteke lite på konkurransar utanfor laget, før sommaren 2022. Men, i sommar og haust fekk alle sjå kva potensiale han har. Han har delteke i mange øvingar, og prestert god i alle.

Vi nemner:

  • 60 m 8.17, 9.pl. i Norge
  • 200 m 26.30, 6.pl i Norge
  • Høgde 1.50, 7.pl i Norge
  • Lengde 5.05, 9.pl i Norge
  • Kule 3kg 10.46, 4.pl i Norge.

60m HK og 200mHK har han ikkje delteke i, på stemner, men tidtaking på trening syner at han også i desse øvingane vil kunne ligge heilt i landstoppen.

Lerøyleikane.

Han kvalifiserte seg til å delta på krinslaget til Sogn og Fjordane, i årets Lerøyleikar. Her gjorde han fleire fantastisk gode prestasjonar; 2.plass på 200m, 1.plass i lengde, 1.plass i kule.

Desse prestasjonane gjorde han til ein stor poengsankar for krinslaget. Etter målgang på 200m, blei han dessverre skada, slik at han ikkje kunne delta på favorittøvinga si, høgde. Men vi håpar og trur at han snart er tilbake på bana, enten det gjeld friidrett eller fotball.

Ein verdig vinnar av Breimsbygda Idrettslag sin stimulanspris for 2022 er Aksel Nedreberg Bergesen