[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

VELKOMMEN TIL FJELLSTOVA

Forfatter: Bjarte Gangeskar

16. februar 2022

Forside
News article image

Breimsbygda Idrettslag og Breimsbygda skisenter ønsker velkommen til Utvikfjellet laurdag 19. februar.

Vi har gleda oss lenge til denne dagen. Vi skal nemleg opne fjellstova for publikum etter lenger tids oppussing. Enten du skal gå på bortover ski eller du kosar deg i bakken, Kom innom og sjå kor fint det er blitt. Om du ikkje går på ski, ta turen innom likevel. Du vil bli imponert over det arbeidet som er lagt ned.

Fjellstova er open kl. 11:00 – 16:00. Frå kl. 11:00 og nokre timar framover kan du få høve til å teikne medlemskap i idrettslaget, komme med innspel og gode idear til leiaren om korleis idrettslaget skal drivast. Du kan til og med få lov å melde deg sjølv til teneste for laget. Vi har rikeleg med oppgåver å fordele, både store og små. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt!

Vi spanderer kaffi og kake så langt det rekk.

Vi gledar oss til å sjå deg!

Prosjektet er finansiert av eigenkapital, støtte frå lokale sponsorar og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane | Deler ut midlar av overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane til allmennyttige formål.