[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

ÆRAST DEN SOM ÆRAST SKAL

Forfatter: Bjarte Gangeskar

19. februar 2022

Forside
News article image

Breimsbygda IL har fått mykje skryt for oppgraderinga av Fjellstova på Utvikfjellet. Om vi skal sei det sjølv, så er det fortjent. Men, utan Kristin Sandal sin innsats og ukuelige vilje hadde nok ikkje dette blitt noko av.

Kor mange timar ho har lagt ned i planlegging og praktisk arbeid er det ingen som har full oversikt over, truleg heller ikkje ho sjølv. Sjølvsagt har ho hatt hjelp. Men, tru korleis dette hadde blitt sjåande ut dersom ho ikkje hadde vore prosjektleiar.

Idrettslaget har lagt ned ein del resssursar i denne oppgraderinga. Men, også der har Kristin hatt ein finger med i spelet. Det er sjølvsagt ho som har utforma søknader og hatt kontakt med sponsorar.

Hadde ikkje namnet vore oppteke trur eg vi hadde døypt om Fjellstova til Kristins Hall. Takk for innsatsen du legg ned for idrettslaget og for bygda - så skal vi andre prøve å henge med så godt vi kan.

No vonar vi at Kristin slappar av resten av helga! Ho vil trenge det for vi veit at nye prosjekt er under planlegging.

PS! Vi veit at ho ikkje er glad i merksemd, men litt skryt får ho tole :-)