REIDAR MOLDESTAD ER ÆRESMEDLEM I BREIMSBYGDA IDRETTSLAG
Forfatter: Bjarte Gangeskar
25. november 2024
Reidar fekk si velfortjente utmerking på ein fullsatt Idrettslagsbasar søndag ettermiddag. Fotballdommar Anders Paulen fekk stimulansprisen og Anne-Merete Kleppenes fekk eldsjelprisen. Meir om dei prisvinnarane kjem seinare.
Grunngjevinga for Reidar sitt æresmedlemskap kan du lese her:
Æresmedlemskap er Breimsbygda idrettslag si høgste utmerking, og vert gjeve til medlemar som gjennom ei årrekkje har ytt store og verdfulle tenester for laget. I heilt særskilde høve kan også ein som ikkje er medlem tildelast æresmedlemskap.
Kandidaten skal ha lagt ned ein arbeidsinnsats for idrettslaget over lenger tid som utmerkar seg spesielt i høve til andre godt arbeidande og fungerande medlemar og støttespelarar, og skal ha gjort seg særleg fortent til æresmedlemskap. Arbeidet og den verdfulle innsatsen kan vere både administrativt og sportsleg. Sportslege prestasjonar vil som hovudregel ikkje åleine kunne kvalifisere for æresmedlemskap. Berre dersom slike prestasjonar er på eit høgt nasjonalt og/eller internasjonalt nivå, kombinert med anna verdfull teneste for laget, vil desse kunne bli lagt vesentleg vekt på.
Reidar Moldestad har vore og er ein viktig mann for Breimsbygda Idrettslag. Både medan han var aktiv og etter at han ga seg som utøvar på midten av 1980-talet, har Reidar hatt ei mengde ulike oppgåver knytt til idretten. CVen er så lang og femner over så mange grupper og oppgåver at det ikkje er mogleg å få med alt her. Mellom anna var han styremedlem både i friidrettsgruppa og hovudlaget i IBIL på 70-talet.
Han var og med og skipa Breimsbygda Friidrettslag og var sjølvsagt den fyrste leiaren der, i 1982-83. Reidar var leiar i friidrettsgruppa BBIL frå 2014 til han ga frå seg den stafettpinnen på årsmøte i mars 2024. Han sat då i hovudstyret for BBIL i same perioden. Innimellom, og delvis parallelt med alt dette, har han vore spinninginstruktør, friidrettstrenar, fotballtrenar, hatt ansvar for sirkeltreninga, vore nestleiar i sykkelgruppa og medlem i Idrettsrådet. Han har og gjeve sine bidrag til vektløftargruppa, når dei har hatt behov for det.
Som om ikkje det var nok, har han vore med i det som er av hovudkomitear til dei store arrangementa på Byrkjelo Stadion. Reidar skildrar Byrkjelo Stadion som si «leikegrind». Her har han vore med på dugnader sidan 1970-talet. Han har i ein periode vore anleggsleiar både på Byrkjelo og dei andre anlegga til BBIL – og har sjølvsagt og vore funksjonær på dei fleste stemner, uansett storleik.
Sjølv om Reidar no ikkje har formelle verv i idrettslaget nyt har vi framleis glede av engasjementet han både på friidrettsbane og på sirkeltreninga. Slik vonar vi det vil bli mange år framover.
Reidar har tidlegare fått BBIL sin Eldsjelpris, Breimstafettmedaljen, Friidrettens Venner sin ærespris for Sogn og Fjordane og Friidrettsforbundet sin diplom for administrativt arbeid. Vi trur likevel det er plass til eit heidersteikn til i heimen på Moldestad
Ein verdig og velfortent æresmedlem i Breimsbygda idrettslag
REIDAR MOLDESTAD
Foto: Benedicte Grov/Firda Tidend
Firda Tidend si sak om prisutdelinga kan du lese her:
https://www.firdatidend.no/.../blei-heidra-under.../