AKTIV SOMMAR PÅ UTVIKFJELLET ER AVLYST
Forfatter: Bjarte Gangeskar
09. juni 2022
Breimsbygda IL har fått støtte frå Gjensidigestiftelsen til prosjektet aktiv sommar på Utvikfjellet. Dette må no avlysast fordi vi rett og slett ikkje har klart å rekruttere nok ungdomar som kan jobbe for oss.
Og før nokon no tek til å klage på ungdomane, så må vi skunde oss å legge til at årsaka rett og slett er at det er kamp om å skaffe nok ungdomar til alle sommarjobbane i år. Og då veit alle at ungdomar frå Breim er særs etterspurte på arbeidsmarknaden.
Det er sjølvsagt trasig å måtte avlyse eit godt prosjekt. Men når grunnen er at næringslivet går godt og at det er rift om ungdomane våre, så er no det ei trøyst oppe i det heile.
Igjen takk til Gjensidigestiftelsen for at de har trua på oss og stiller opp. Vi fekk det ikkje til denne gangen, men vi kjem sterkare attende.