VEKTLØFTARGRUPPA
Forfatter: Bjarte Gangeskar
10. april 2023
I tida framover kjem vi til å presentere dei ulike gruppestyra i Breimsbygda idrettslag. Leiarane i dei ulike gruppene vert i samband med det gjeve litt ekstra merksemd. Det er i gruppene den viktige aktiviteten skjer og leiarane tek oftast eit tak langt utover det ein vanlegvis tenkjer ligg til ein styreleiar. Vi finn dei ofte og på trening eller involvert i ulike dugnadsprosjekt.
Ola Bergheim er pensjonert bonde og lærar og er opptatt av styrketrening fordi det er noko alle treng heile livet. Det handlar om å meistre eigen kropp og helse. Eller sagt på ein annan måte; Det- hjelper ikkje med god kondis om ein ikkje har styrke til å kome seg opp av stolen-sofaen- senga.
Dessutan er det ei god kjensle å sjå og bidra til meistring på alle nivå - i vektløfting møter vi alle, Seier han.
Ola er glad i ord, både skriftleg og munnleg – men, denne gangen blir presentasjonen kort 😊Dessutan er han glad i god humor. Eit behov han og får dekka gjennom vektløftinga.
Bilete: Firda Tidend etter løyve.
Sjå den glade gjengen Ola har med seg i vektløftargruppa:
|
| Namn | På val |
| Leiar | Ola Bergheim | 2024 |
| Nestleiar | Vilde Sårheim | 2024 |
| Styremedlem | Robert Andre Moldestad | 2025 |
| Styremedlem | Bjarne Bergheim | 2025 |
| Styremedlem | Julia Jordanger Loen | 2025 |
| 1.vara | Laila Therese Bjørnarheim | 2025 |
| 2.vara | Edvin Øygard | 2025 |