KRISTEN HELGE KLEPPE BLIR MED I BREIMSBYGDAS VENNER
Forfatter: Bjarte Gangeskar
24. mai 2023
Bli med du og.
Kristen har tidlegare vore svært aktiv i idrettslaget, både som aktiv, leiar i fotballgruppa og i hovudlaget. I tillegg har han vore «storleverandør» av ungar som har vore aktive i fleire idrettar, spesielt i fotball. På bilete ser du Kristen og dei av borna hans som har spelt seniorfotball i Breimsbygda IL. God gjeng og ikkje minst godt gjort!
No blir Kristen snart pensjonist – og sjølv om alle veit at pensjonistar er dei som har det mest travelt - så har Kristen sagt at han kan tenkje seg å vere med «å blåse liv» i «Breimsbygdas venner» igjen. Kan du tenkje deg å vere med i den gjengen. Det er ikkje meir arbeid enn det du sjølv gjer ut av det - og du er i grunnen ikkje meir forplikta enn at du har sagt ja til at vi kan spørje deg når vi har eit «prosjekt». Blir du med kontaktar du Bjarte på tlf/SMS. 90581490 eller Kristen på tlf. 95947610. Alternativ kan du sjølvsagt banke på døra vår eller snakke med oss når vi treffast.
Her kan du lese meir om tanken bak Breimsbygdas venner:
Breimsbygda har mykje anlegg som treng kontinuerleg stell og vedlikehald. For å få dette til å gå rundt ynskjer vi «blåse liv» i det som tidlegare vart kalla Breimsbygdas venner.
Tanken er å samle ein del ressurspersonar, gjerne pensjonistar, som kan bidra med litt enklare vedlikehald og stell på anlegga våre. Det er alltid litt maling, klipping og snekring som skulle vore gjort både her og der. Vi tenkjer at dette langt på veg skal vere ei gruppe som kan styre seg sjølv – etter innspel frå laget sin anleggs- og vedlikehaldskomite. Kanskje kan vi få laga det litt sosialt i samband med arbeidsøktene - med kaffi, noko og bite i og ikkje minst mange gode historier. Ein forpliktar seg heller ikkje til noko anna enn å tole at vi av og til kjem til å spørje om det passar "å ta ei økt".
Kjenner du nokon som kunne vore med i ei slik gruppe så kan du jo tipse dei, ev. tipse oss, så spør vi dei sjølve.
DEL GJERNE !