ORIENTERINGSGRUPPA
Forfatter: Bjarte Gangeskar
06. april 2023
I tida framover kjem vi til å presentere dei ulike gruppestyra i Breimsbygda idrettslag. Leiarane i dei ulike gruppene vert i samband med det gjeve litt ekstra merksemd. Det er i gruppene den viktige aktiviteten skjer og leiarane tek oftast eit tak langt utover det ein vanlegvis tenkjer ligg til ein styreleiar. Vi finn dei ofte og på trening eller involvert i ulike dugnadsprosjekt.
Jannike Felde er 49 år gammal, fysioterapeut- jobbar i Gloppen kommune. Gift med Kåre Hetle, 6 barn😀.
Eg engasjerer meg i idrettslaget fordi det er viktig å ha eit variert aktivitetstilbod i bygda. Det er viktig for meg at ungane er aktive og at dei finn ein aktivitet som dei likar.Orienteringsgruppa er ei lita gruppe i idrettslaget og vi har få aktive utøvarar. Vel så viktig som å delta på løp, er å kunne orientere seg i terrenget og forstå kart og kompass. Livsviktig kunnskap 😀👍. Erfaring med og bli glad i å vere ute i naturen, er og viktige verdiar å ta med seg.
Orienteringsgruppa håpar at fleire vil delta på våre aktivitetar og vi legg lette løyper slik at alle skal føle mestring 😀👍.
Her ser du heile den gode gjengen i orienteringsgruppa:
ORIENTERINGSGRUPPA
|
| Namn | På val |
| Leiar | Jannike Felde | 2024 |
| Styremedlem | Ragna Førde | 2025 |
| Styremedlem | Birgitte Paulen | 2024 |
| Styremedlem | Eva Marie Felde | 2025 |