LERØYLEIKANE 2023 - NYTT STORT ARRANGEMENT PÅ BYRKJELO STADION
Forfatter: Bjarte Gangeskar
31. juli 2023
Breimsbygda IL friidrett har fått tildelt Lerøy-leikane også for 2023
Leikane skal arrangerast på Byrkjelo 02.-03. september. Stemnet er eit uoffisielt NM for 13 og 14 åringar, og blir arrangert på tre stadar i landet. Til Byrkjelo kjem deltakarar frå Rogaland, Hordaland, Innlandet og Sogn og Fjordane. Vi håpar sjølvsagt at Sogn og Fjordane sin tropp får med mange glopparar!
Heile 210 deltakarar skal vere med å konkurrere på Byrkjelo denne helga. I tillegg kjem leiarar for dei ulike troppane - og sikkert mange foreldre. I tillegg til sjølve fridrettsarrangementet har vi ansvaret for mat, innkvartering og overnatting til alle.
Eit slikt arrangement er viktig av fleire grunnar:
1. Vi bygger og held vedlike arrangements- og funksjonærkompetanse. Dette er ein føresetnad for at vi skal kunne vere aktuelle for større meisterskap i framtida.
2. Vi stimulerer til friidrettsaktivitet
3. Det genererer inntekter til Idrettslaget
4. Det genererer inntekter til næringsliv og andre organisasjonar i bygda. Til dømmes er Breimshallen utleigd til "banketten" på laurdag kveld.
Det er gått ut førespurnad til funksjonærar. Vi er heilt avhengig av stor velvilje frå desse for å klare eit så stort arrangement. Vi vonar difor at alle svarar positivt på førespurnaden. Husk at ditt bidrag betyr mykje!
BLI MED PÅ BYRKJELO STADION!