[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

OPNING AV FJELLSTOVA LAURDAG 19. FEBRUAR

Forfatter: Bjarte Gangeskar

09. februar 2022

Forside
News article image

Det ser endeleg ut som vi har fått nok snø til at vi kan få nokre fine vinterveker i Breimsbygda Skisenter.
Fjellstova, som er eigd av Breimsbygda IL, er ein del av totalopplevinga når ein besøker skisenteret. Vi har difor brukt mykje tid og pengar på å oppgradere den, både innvendig og utvendig.

Vi er sikre på at besøkande vil bli begeistra over kor fint det har blitt.

Vi ynskjer likevel å bli heilt ferdig før vi opnar opp for publikum og ynskjer difor velkommen til opning laurdag 19.02.2022. Vi oppmodar likevel alle om å jamleg besøke skisenteret fram til då - Den som ventar på noko godt, ventar som kjent ikkje forgjeves.

Vi kjem attende med meir informasjon om opningstider m.m.