[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

ER DU MEDLEM I BREIMSBYGDA IDRETTSLAG?

Forfatter: Bjarte Gangeskar

18. januar 2022

Forside
News article image

Ved oppryddinga i medlemslistene er det ein del som har sagt at dei ikkje vil være medlem lenger. Dette då dei ikkje lenger er aktive i idrettslaget eller har born som er aktive. Det er sjølvsagt heilt greitt.

Likevel vil vi minne om at idrettslaget er mykje meir enn tradisjonell idrettsaktivitet. Dei fleste i bygda brukar turstiar vi har laga, har born eller barnebarn som er med på idrettsklubben eller nyttar Breimsbygda Skisenter som vi er majoritetseigar i. Kanskje har du og ungdomar eller familiemedlemmar som er heime på sommarstid og som leikar seg i sanden på volleyballbana vår ved Byrkjelo Stadion, brukar frisbeegolfbana på Reed eller mange av dei andre anlegga våre?

Som medlem i Breimsbygda IL er du rett og slett med og skapar liv og røre i bygda. Treng du eit argument til skal du få det her: «Medlemspengane sparar du raskt inn gjennom medlemsrabattane du får Intersport Sandane.

Meir informasjon om korleis du teiknar medlemskap finn du her: Breimsbygda IL (spoortz.no) Ev. kan du sende ein e-post til: [email protected]