[email protected]


Logo
Bli medlem
Styre og AU

SJÅ NORGE - BRASIL I BREIMSHALLEN

Forfatter: BG

03. juli 2026

Forside
News article image

SJÅ NORGE - BRASIL I BREIMSHALLEN 


Det nystarta ungdomsutvalet i Breimsbygda IL imponerer. Snakk om å ta Erling Braut Håland på alvor. Vi trur ikkje akkurat at dette forandrar Noreg og Breim for alltid, men at dette skapar «togetherness», som «Brauten» uttrykte det, det er det ikkje tvil om.

Her har du alt i ein pakke. Ungdommeleg engasjement og handlekraft, samarbeid på tvers av lag og organisasjonar og ikkje minst, ein møteplass på tvers av generasjonar uavhengig av fotballinteresse. For dette er for alle, også dei som aldri før har sett ein fotballkamp.

Ja, kanskje kan dette likevel vere eit initiativ som skapar så mykje «togetherness» at det kan utgjere ei varig forandring. Det er i alle fall betre å møtast framfor ein storskjerm i Breimshallen og oppleve samhald, samba og ro-ro – enn å sitte heime åleine å scrolle på ein mindre skjerm. Eg trur faktisk at dette er et godt folkehelsetiltak.

Er det ein gang du skal stille på i Breimshallen så er det søndag når Norge møter Brasil!

Custom image