[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

DET GODE LOKALSAMFUNN MÅ VI SKAPE I LAG

Forfatter: Bjarte Gangeskar

06. mars 2022

Forside
News article image

Eit godt lokalsamfunn er avhengig av at kommune, næringsliv, enkeltpersonar og lag/organisasjonar alle bidrar til utvikling. Akkurat no er det Breimsbygda skisenter som treng at alle som kan, stiller opp og bidrar til å auke aksjekapitalen. Skal det vere grunnlag for vidare drift er dette eit heilt naudsynt tiltak.

Breimsbygda Skisenter er viktig for bygda, kommunen og andre deler av Nordfjord.Viktig både for bulyst, folkehelse og næringsliv. Vi har tru på gode år framover, berre ein no klarer å få orden på økonomien.

Det er viktig å ha kalrt for seg at utan Breimsbygda skisenter vil det heller ikkje bli køyrt opp langrennsløyper på nivå med i dag. Drifta av skisenteret betyr med andre ord og mykje for dei som står på "bortoverski" i fjellet. Det må ikkje gløymast.

For å synleggjere behovet: Dersom vi reknar at skisenteret har eit nedslagsfelt på 10.000 innbyggjarar, held det at 10% av desse kjøper ein aksje kvar.


Breimsbygda Skisenter | Facebook

Ski | Breimsbygda Skisenter | Vestland

Dugnadsliste 2022 | Breimsbygda Ski (breimsbygdaskisenter.no)

Ekstraordinær generalforsamling (breimsbygdaskisenter.no)