Æresmedlem i BBIL
Retningsliner for tildeling av æresmedlemskap i Breimsbygda idrettslag.
Æresmedlemskap er Breimsbygda idrettslag si høgste utmerking, og vert gjeve til medlemar som gjennom ei årrekkje har ytt store og verdfulle tenester for laget. I heilt særskilde høve kan også ein som ikkje er medlem tildelast æresmedlemskap.
Alle medlemar i idrettslaget kan sende inn framlegg til nominasjon av æresmedlem. Gruppestyrer og hovudstyret kan også nominere kandidatar. Hovudstyret avgjer med 2/3 av stemmene om æresmedlemskap skal tildelast.
Kandidaten skal ha lagt ned ein arbeidsinnsats for idrettslaget over lenger tid som utmerkar seg spesielt i høve til andre godt arbeidande og fungerande medlemar og støttespelarar, og skal ha gjort seg særleg fortent til æresmedlemskap. Arbeidet og den verdfulle innsatsen kan vere både administrativt og sportsleg. Sportslege prestasjonar vil som hovudregel ikkje åleine kunne kvalifisere for æresmedlemskap. Berre dersom slike prestasjonar er på eit høgt nasjonalt og/eller internasjonalt nivå, kombinert med anna verdfull teneste for laget, vil desse kunne bli lagt vesentleg vekt på.
I tillegg til vanlege medlemsrettar og plikter gjev æresmedlemskap livsvarig medlemskap i idrettslaget og fritak for betaling av medlemskontingent.
Som eit synleg bevis på æresmedlemskap skal det overrekkast ein diplom i råme. Æresmedlemskap skal i regelen tildelast på laget sitt årsmøte eller i andre spesielle tilstellingar.
Framlegg kan sendast på e-post til [email protected].
OVERSIKT OVER ÆRESMEDLEMMAR I BBIL
- Jakob A. Hetle
- Jon Sårheim
- Nils Skinlo
- Elias Årdal
- Rasmus O. Flølo
- Hans Kolbotn
- Einar Sårheim
- Ingolf Sårheim
- Brynjulf Skinlo
- Eivind Indrebø
- Reidar Nyland
- Ingemar Sårheim
- David Hjelle
- Håkon Moldestad
- Karl K. Støyva
- Menny Hole
- Per P. Strand
- Matias Gåsemyr
- Hans Myklebust
- Reidar Felde
- Knut Lunde
- Gunnar Hole
- Olav S. Egge
- Målfrid Egge
- Atle Støyva
- Bjarne Bø
- Rasmus Kleppe
- Inge Geir Sårheim
- Magnus Willumsen
- Ingrid Raad
- Jarle Helgheim
- Per Hjelle
- Reidar Moldestad